Bilde 1_lite
Various slideshow images with caption - use arrow keys to change between slides (radiobuttons)
wood-bg1

forside slide #1

Skakke Røykeri har drive med foredling av laks, aure, vilt og andre kjøttprodukt sidan 2009.

Dei siste åra har me òg hatt ei rekke catering og kokkeoppdrag til spesielle høve, og er brennande opptatt av å fremja norsk matkultur. Foredling av råvarer slik vikingar hadde kunnskap om er vår kjerneverdi. Naturlege råvarer av beste kvalitet, norske stoltheiter og ansvarleg gjennomsiktig produksjon gjer at me forankrar samspel mellom lokal historie om Erling Skakke og norsk matkultur i alle våre produkt.

wood-bg1

forside slide #2

Skakkelaks og Skakkeaure – er handmassert med Erling Skakke konjakk og røykt på fersk einer.

Produkta er oppkalla etter Erling Skakke Ormsson, norsk riksstyrar og formyndar for sonen Magnus, som åtte år gammal vart krona til Noregs konge i 1164 og regjerte frå Stødle i Etne. Erling Skakke var ein tøff viking som blei mest kjent for sine korsferder til Det heilage land. Under ein kamp med mauarane i Spania fekk han det hogget i halsen som gjorde at han seinare bar hovudet litt på skeive og blei kalla Erling «Skakke». Skakkelaksen og Skakkeauren har fått mykje ros. Begge produkta er tildelt Spesialitets merker av stiftelsen Matmerk, og Skakkeaure var finalist i Det norske måltid i 2018 og NM i 2019.

wood-bg1

Forside slide #3

Skakke viltprodukt av hjort og elg er handtverk av høgaste kvalitet.

Alle produkta er laga av kun naturlege råvarer. Viltkjøtt inneheld mykje jern og mineral i tillegg til betydeleg meir omega 3 enn i anna kjøtt. Det er utebeitande dyr og kjøttet reknast som økologisk. Råstoffet kjem frå dyra som me skyt sjølv eller frå jegerlag som me er medlem i. Dyra parterer me sjølv og sel også stykningsdeler av det.

wood-bg1

Forside slide #4

Opplevinga av å eta Skakke produkt skal vera heilt konge!

Du skal veta at me har brukt kun dei beste råvarene og gjennomført foredlinga slik at me tar godt vare på råstoffet – slik som vikingar gjorde. Alle våre oppskrifter har gamle tradisjonar men er tilpassa vår moderne kvardag.

Her kan du treffe oss:

Lørdag 19. september Bondens Marked Bryne
Lørdag 10. oktober Bondens Marked Bergen
Søndag 22. november Bondens Marked Klostergården Mosterøy
Lørdag 5. desember Bondens Marked Bergen
DNM_Finalist2017_Logo_Gull
Print
seafood_from_norway_569x327_transparent_kvadrat
facebook
Instagram