Skakkelaks og Skakkeaure

Skakkelaks og Skakkeaure er handmassert med Erling Skakke konjakk, salt og sukker, og røykt på ferske einer. Vår saltemetode gjer at saltet går lettare inn i fisken, trekker ut vatn og gir den passeleg med saltsmak, konservering og rund smak som harmonerer i undertonar. Etter marineringsprosessen blir fiskane skylt med iskaldt vatn og tørka for hand, før de blir plasserte på rister og sett til videre tørking i eit døgn til.

Så blir fiskane røykt i oreved, fersk einer og bøkespon, før de igjen blir sett til kvile og tørking. Etter ca. eit døgn blir den på ny røykt med kun fersk einer, og deretter tørka og modna, før den blir pakka og er klar for butikkane. Me brukar kun dei ytterste skota på eineren som er proppfulle av fersk sødme og aroma og du får eit preg av vill natur i smaken. Heile prosessen her er veldig vêravhengig. Har me høgtrykk, lågtrykk, høg fuktighet, låg fuktighet, vindstille, masse vind, sommar, vinter osv., uansett må ein følgja med og kunna snu om på tider og døgn, for å få fram det beste resultatet. Det blir brukt ca 1,4 kg råstoff for å få 1 kg. ferdig produkt.

Skakkelaks og Skakkeaure har ein jamn og god farge frå ytterst til innerst i kjøtet, fyldig, men ikkje dominerande smak av røyk, salt og fisk. Smaken skal komma litt etter at du har fått den på tunga, og så skal den ha ein lang og god ettersmak. Konsistensen skal vera saftig men tørr og lik ytterst til innerst i kjøtet. Og ikkje minst skal den vera mør i kjøttet. Skakkelaks og Skakkeaure skal serverast temperert for å få smaken fram. Opplevinga av å eta Skakkelaks og Skakkeaure skal være heilt konge! Du skal veta at me har brukt de beste råvarene og foredla fisken på tradisjonsrik vis slik som vikingar hadde kunnskap om.

Skakkelaksen og Skakkeauren har fått mykje ros. Begge produkta er tildelt Spesialitets merker av stiftelsen Matmerk og Skakkeaure var finalist i Det norske måltid i 2018 og NM i 2019.

Speka Skakkelaks 

Speka Skakkelaks er eit produkt med urgamle norske tradisjonar. Speking av fisk er ein konserveringsmåte der fett og vatn blir tørka og fisken får meir fyldig smak, fast konsistens og lang holdbarhet. Me brukar Skakkelaks som er allerede røykt, og tørkar den ytterligere ca 30% for å få fram smaken og konsistensen.

Tørkeprosessen er langsomt og krevande, der me må følge med på luftfuktighet og temperatur for å tørka fisken jamt gjennom heile kjøttet, og så «forsegla» overflaten.

For å få 1 kg Speka Skakkelaks, brukar me ca 1,8 kg råstoff, og sluttresultatet er heilt magisk!

Varmrøykt Skakkeaure, marinert i konjakk, med 5 pepar og røykt på spon av kirsebær og epletre

Den er produsert med kun de beste råvarene (fjordaure fra Vågen Seafood) og foredlingsprosessen tar vare på den fantastiske fisken auren er – saftig, smakfull, dyp i fargen og mør i konsistensen. Røyking på frukttrær gir undertoner av syrlig sødme som harmonerer perfekt med duft og smak av pepar, og gir veldig dyp farge som visuelt indikerer om et ekte og rustikt håndverksprodukt.

Skakkeaure blir handmassert med Erling Skakke konjakk, salt og sukker og marineres deretter i 20 timer. Fiskefiletene trimmes og skjæres i passe stykker der haler og midtstykker separeres på eigne rister for å tilpasse varmebehandlinga ut fra tjukkelse. Fisken strøs med en nyknust blanding av fem ulike pepar. Fisken røykes med en blanding av eple- og kirsebærspon på lav varme i halvannen time før temperaturen skrus opp til fisken har en kjernetemperatur på omlag 38 grader. Deretter følger hurtig nedkjøling og pakking.

Varmrøykt Skakkeaure fikk Spesialitet – unik smak merke frå stiftelsen «Norsk mat» med følgende tilbakemelding frå fagjury:

«Varmrøykt Skakkeaure har en rik duft med klare og rene røyknoter. Fargen er innbydende mørk oransje med en tiltalende overflate istrødd pepper. Fisken er godt balansert i smak med en fyldig og behagelig røykaroma, konsistensen er svært saftig og bekrefter dette som er topp kvalitetsprodukt. Varmrøykt Skakkeaure er enestående i sin kategori!»

Varmrøykt Skakkeaure har en dyp farge som kommer naturlig av fisken og blir forsterket av røyk fra frukttrær, spesielt kirsebær. Ein kjenner et lite «sting» av pepar som gir god karakter til den opprinnelige smaken av auren uten å dominere for mye. Duften av pepar og syrlig-søt, fruktig røyk løfter lukt, smak og avrunder smaksopplevelsen. Me er opptatt av å få fram balansen i smaken med å ivareta det ekta, og behandle råvaren på ein slik måte at alle smaks sansene skal spille på lag.

Skakkechips er eit bærekraftig og eineståande produkt. Den er laga av avskjer og bitar av Skakkelaks og Skakkeaure som blir igjen etter produksjon av desse produkta.

Med dette produktet er produksjon av Skakkelaks og Skakkeaure meir bærekraftig. Laks og aure er ikkje firkanta, samt råvaren har naturlegvis nokre feil (som melaminflekker, skjerefeil, blodmerker, o.l.) som må bli skjert vekk i lag med ein del fin fisk. Me får nå brukt alle små striper og bitar som vanligvis blir kasta og har eit fantastisk produkt i tillegg.

Røyking av villaks for fiskerar 

Me røyker villaks for fiskarar, akkurat likt som Skakkelaks – handmassert med Erling Skakke konjakk og røykt på fersk einer. Fisken blir filetert, marinert, røykt og vakuumpakka.

Ta kontakt dersom du ønsker å røyke laksen din hos oss!