Jordskokksuppe med Skakkelaks mandelpotetchips og urteolje

Her er Frode si oppskrift med Skakkelaks:

Jordskokksuppe – 4 personar

200 gr jordskokk
4 dl heilmjølk
1 ss rapsolje
3 ss usalta smør
salt
kajennepepper

Skrell jordskokken. Legg i vatn med litt mjølk. Ha i litt olje og 1 ss usalta smør, fres jordskokkane til det er gyllent, ha i mjølk til det dekker. Kok under lokk til jordskokken er mør. Ha alt i ein blender og kjør til glatt purè, ha i 2 ss usalta smør, smak til med salt og kajennepepar.

Mandelpotet chips

Varm frityrolje, (bruk gjerne raps/solsikke olje). Den skal vera 180 grader når den er klar. Kontroller temperatur ved å stikka ei tresleiv ned i olja. Fresar det rundt treverket er olja varm nok. Pass på å ha eit lokk ved sida av når du friterer, i tilfelle olja koker over, då kan ho
ta fyr. Hugs at du kun må slokke med å legge lokk over. ALDRI vatn.

Skjær mandelpotet i svært tynne skiver, enten med potetskrellar eller kniv. Friter til dei er gylne, legg så på papir som absorberar fettet.

Grøn olje

100 g bladpersille, dill, grasløk, spinat, (det grøne på vårløk og purreløk kan gjera samme nytta)
2 dl solsikkeolje
½ ts salt

Kjør bladpersille, dill, grasløk, spinat eller det grøne på vårløken med solsikkeolje på ein blender, tilsett litt salt. La det gå så lenge at det vert litt varmt. Sil så gjennom kaffefilter. Så køyrer du med olje. Då bevarer du litt meir farge. Oppbevar kaldt og mørkt.

Skjær laksen i tynne skiver og server ved sida av suppa.

Ryfylkekokken Frode Selvaag

Det handlar om dei enkle og tradisjonsrike oppskriftene – med dei gode smakane.

Det er Frode Selvaag me snakkar om. Sjølvaste Ryfylkekokken. Født i Sandeid i Vindafjord i 1981, i dag busett på Finnøy i Ryfylke. Tallause fisketurar med farfar og morfar gav mykje god inspirasjon og «ro». Kokkeutdanninga spenner frå Karmsund Videregående skole, to års læretid hjå Arne Brimi, Gastronomisk Institutt i Stavanger, kokk ved den norske ambassaden i Washington, soussjef på Craigs Kjøkken og kjøkkensjef på Spa Hotell Velvære på Hjelmeland. Det blir mykje god mat av slikt. Har også gitt ut boka Matgleder i Ryfylke saman med Tor Øyvind Skeiseid.

Ryfylkekokken tilbyr i dag alt frå catering, ulike arrangement, kurs, matlaging kombinert med kulturelle opplevingar og mykje meir. På Landahuset har dei også sitt eige selskapslokale.

Ryfylkekokken sitt forhold til Skakkelaks

Frode veit korleis ein røykelaks skal sjå ut og ikkje minst smaka, men har også respekt for andre smakar, og at enkelte produkt kan passa endå betre i ulike samanhengar. Skakkelaks er med heilt i toppen av Frode sine favorittar. I enkelte samanhengar heilt på toppen, seier Frode. Han står gjerne fram å representerer Skakkelaks.

Screen Shot 05-25-16 at 01.27 PM