Knallgod Skakkelaks med dillstua jordeple og heimebaka braud

Her er Bodil si oppskrift med Skakkelaks:

Oppskrift

300 g Skakkelaks i lauvtunne delikate skiver, lagt fint opp på ei fjøl, pass på at den ikkje sveittar.

8-10 mandeljordeple
3 ss smør
3 ss kveitemjøl
mjølk
salt
pepar
frisk dill
2 leivar heimebaka braud

Skrell og del opp mandeljordepla i fine bitar, ikkje for smått. Kok dei so vidt opp i vatn, slå av vatnet og lat dei dampe av seg. Smelt smør og set til kveitemjøl, spe med mjølk til ein passe saus. Den skal ikkje vera for tunn, det skal bli ei stuing. Lat den småkoke 3–4 min.

Smak til med salt og nykverna pepar. Klypp oppi rikeleg med frisk dill. Lat det få eit godt oppkok. Legg oppi mandeljordeplebitane og lat det få eit lite oppkok, slik at alt er gjennomvarmt. Server brennheit stuing med Skakkelaks-skiver og nybaka, heimebaka braud. Godt øl og dram – då blir det ikkje betre i verda.

– Statsbudeia Bodil Nordjore

Bodil Budeie

– Noregs einaste budeie oppnemd av staten

Dette skriv Bodil Budeie om seg sjølv og sitt forhold til Norske mattradisjonar:

Eg er levande oppteken av den folkelege, håndbårne og tause kunnskapen. Den du ikkje kan lesa deg til, men berre kan få med å møte og
vera til stades med dei som har levd lenge. Eg elskar kunnskapen min og delar den med heile mitt rause varme hjarta. Kvifor? Av di alle vil ha den.

Å skapa glede med måltidet og matbordet, gjev meg eit overskot som ikkje kan samanliknast med noko anna. Å møte kvinner og matkulturfolk der dei er, er ei sann glede. Det gjev meining til ferdi mi. Eg er stolt av den norske mattradisjonen og eg ber landet med glede og audmjuk kjensle.

– Statsbudeia Bodil Nordjore

Skakkelaks takkar Bodil Budeie for alt ho står for og gjer på ferdi si, for å styrka kunnskapen om norske mattradisjonar. Skakkelaks er også stolt av å vera ein del av dette.

Screen Shot 05-25-16 at 01.27 PM