Lun Skakkelaks med jordskokkpurè

heiltkonge

Her er Arne Brimi si oppskrift med Skakkelaks:

Jordskokkpurè

400 gr jordskokk
4 dl heilmjølk
1 ss usalta smør
salt
kajennepepar

Skrell jordskokken og legg den i vatn med litt mjølk. Ha i litt olje og 1 ss usalta smør. Fres jordskokkane til det er gyllent, og ha i mjølk til det
dekker. Kok under lokk til jordskokken er mør. Ha alt i ein blender og kjør til det blir ein glatt purè. Ha i 2 ss usalta smør, litt salt og kajennepepar. Riv i litt sitronskal og kjør litt vidare. Ha purèen i ein boks og oppbevar den ute i romtemperatur til du skal servere. Kan
lagast dagen i forvegen.

Agurk og epledressing

¼ stk agurk Skrell og del i 4. Skjær bort kjernen (det blauta i midten)
Skjær deretter i fine, små bitar

2 ss ferdig nedkokt eplemost
For å laga dette kokar du ned 1 dl friskpressa eplemost utan tilsetning
til du har ca halve mengda igjen.

16 stk små dillskudd
16 stk kjørvelblad toppar

Jordskokk-chips
Varm frityrolje (bruk gjerne raps/solsikke olje). Den skal vera 180 grader når den er klar. Kontroller temperatur ved å stikke ei tresleiv ned i olja, fresar det rundt treverket er olja varm nok. Pass på å ha eit lokk ved sida av når du friterer, i tilfelle olja koker over. Då kan ho ta fyr. Hugs at du kun må sløkke ved å legge lokk over. ALDRI vatn.

Skjær jordskokken i svært tynne skiver, enten med potetskrellar eller kniv. Friter til dei er gylne, og legg dei på papir som absorberar fettet.

Grøn olje

100 g bladpersille (det grøne på vårløk og purreløk kan gjera samme nytten)
2 dl solsikkeolje
½ ts salt

Kjør bladpersille, dill, grasløk, spinat eller det grøne på vårløken med solsikkeolje på ein bleder og tilsett litt salt.

La det gå så lenge at det vert litt varmt. Sil så gjennom kaffifilter.Du kan også blansjera det grøne i salta vatn i 30 sekund før du kjøler av, tørker vekk alt vatn. Så køyrer du med olje. Då bevarer du litt meir farge. Oppbevares kaldt og mørkt.

Lun Skakkelaks

40 g laks pr person

Skjær bort skinnet på laksen, deretter skjærer du laksen i ca 1 cm tjukke skiver. Varm ei steikepanne med litt nøytral olje, bruk gjerne ei teflonpanne. Steik laksen så vidt gylden, snu og legg på brett.

Arne Brimi_Foto Elin Engelsvoll

Arne Brimi – Norsk matkultur er i trygge hender

Alle kjenner Arne Brimi. Kongen utnevnte i 2005 Brimi til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for «hans innsats for norsk matkultur». Langt inni den kulturen er han fortsatt. Uttallige prisar, utmerkingar, bøker, foredrag, æresdoktor… Dette er bevis for at Arne Brimi verkeleg vil og kan ta vare på gode mattradisjonar. Gjerne henta frå naturen i nærområdet.

Vianvang
Det er der han kokkelerer og serverer. Gjennom fleire 10-år har han ivra for lokale råvarer og alt som er ekte. Gastronomi frå Jotunheimen kallar han måltidsopplevingane han ynskjer å skapa.

Alle som har høyrt og opplevd Arne Brimi endrar sitt syn på mat. Dei som i tillegg har vore på Vianvang blir prega på fleire måtar i lang tid. Både når det gjeld produksjon av mat, tilbereding og haldning til mat og alt rundt.

Skakkelaks er glade for å ha blitt påvirka av alt dette.

Ta deg tid til ein tur til Vianvang i Brimiland.

Screen Shot 05-25-16 at 01.27 PM