Røykt Skakkelaks med konfitert eggeplomma, friske asparges og ruccola majones

Her er Finn Vigleik si oppskrift med Skakkelaks:

Ruccola majones

1 egg
1 lita ss Dijon sennep
1 ts kvitvinseddik
1 pk ruccola

  • Kjør alt i blender og spe med rapsolja til passe majones «konsistens»
  • Bakt kvit asparges
  • Skrell kvit asparges frå toppen og ned og legg dei i ei ildfast form. Ha over litt olivenolja, salt, sitron og sukker (lita klype)
  • Bak aspargesen på 160 grader til dei er møre med litt motstand (kjenn med ein spiss kniv)

Skakkelaksen blir delt i tynne delikate skiver.

Eggeplomma – Skill egga og legg eggeplommer i ei lita form med kantar og dekk plommene med rapsolje. Bak plommene i ovnen på 80 grader til dei har ein fast krema konsistens. Eggeplommene må løftast forsiktig ut av olja. Salt eggeplomma lett med maldonsalt.

Knekkebrød brytast i mindre bitar.

Marinert ruccola – marinerast i Maldon nykverna pepar, olivenolja og sitronsaft.

Grilla hjertesalat
Del hjertesalat i to og vask. Grill i grillpanne eller på grillen Dette kan også gjerast med den kvite aspargesen som kan vera eit alternativ til å baka i ovnen.

Bon apetit!

Helsing Finn Lothe og Lothes Mat & Vinhus

Finn Vigleik Lothe

– Dei som ikkje har opplevd kokken Finn Vigleik Lothe har gått glipp av noko engasjerande og smakfullt!

Finn er født og oppvaksen i Haugesund. Utdanna kokk, servitør, vinkelner frå Gastronomisk Institutt og Norsk Hotellhøgskole. Det kan fort bli gode matopplevingar av slikt. Men engasjementet for ekte og historisk god mat er det ikkje lett å utdanna seg til. Finn har dette i blodet.

Han har gleda mange med god mat gjennom sitt arbeid på Grand Hotell i Oslo, Jans Mat & Vinhus i Stavanger og snart 30 år som eigar og drivar av Lothes Mat & Vinhus i Haugesund. Finn er også mykje brukt som kokk og kurshaldar på ulike markeringar i inn- og utland.

Lothes Mat & Vinhus
Ligg svært fint og sentralt til i Haugesund sentrum. I eit ærverdig trehus, med flott utsikt til Smedasundet. Nyleg fekk restauranten terningkast 6 på VG`s matbørs. Anmeldaren avsluttar slik: «Lothes i Haugesund er en pryd for byen og en velkommen kveldshavn for den besøkende. Tross små skjønnhetsfeil var dette et virkelig vellykket måltid for lokale og tilreisende matmonser.» Lothe´s Mat og Vinhus er ein del av det kulinariske nettverket SMAK AV KYSTEN. Kunnskapsutvikling innan sjømat er det berande element i dette
konseptet, og Lothe`s har gjennomgått eit omfattende kompetanseprogram for å tilby sine gjester dei beste sjømatopplevingane.

Lothe`s er også medlem av De Historiske. Ein unik medlemsorganisasjon samansett av mange av Norges mest sjarmerande hotell og serveringsplasser. Der er 50 hotell, 17 serveringsplassar og 2 båtar som er medlem av gruppa. For å få tildelt ein slik tittel blir det krevd eit bevisst forhold til vertskapsrolla, der historiefortelling dannar ramma for opplevingar innan overnatting og gastronomi.

Skakkelaks synes det er stor stas å vera ein av Finn sine utvalgte.

Screen Shot 05-25-16 at 01.27 PM