Skakkelaks med pepperrotkrem, grøne asparges og sylta løk

Her er Ørjan si oppskrift med Skakkelaks:

Oppskrift

2-3 skiver Skakkelaks
1 egg
1 liten raudløk
1 dl eddik
1 dl vatn
½ dl sukker
4-6 grøne asparges
1 ts lakserogn
3 ss rømme
1 ts revet pepperrot
salt
olivenolja
ertespirer

  • Kok egget i kokande vatn i ca. 10 min. Kjøl ned og skrell egget. Kutt det i terningar.
  • Del løken i fire frå toppen og ned slik at du får fine bitar. Kok opp eddik i sukker og vatn, og kok løken. Avkjøl i 10 min.
  • Pisk rømme og pepperrot stivt, smak til med salt.
  • Skrell aspargesen frå midten og ned, og kutt av 2 cm nederst på stilken. Kok i lettsalta vatn i 1 min., vend aspargesen i olivenolja og smak til med salt og pepar.

Anrett asparges i botn av tallerken, legg på skiver av Skakkelaks, strø over terningar av kokt egg, legg flak av sylta løk rundt, og topp med lakserogn og ertespirer.

Nå er det berre nytinga som gjenstår.

Ørjan Johannessen – du går ikkje over Bekkjarvik etter god mat

Ørjan Johannessen er født 10. august 1985. Om det var eit godt år for mat kjenner me ikkje til. Men me veit at har er ein prisbelønt kokk, som toppa det heile med å vinna Bocuse d`Or 2015. Svært imponerande.

Han er frå Austevoll og oppvaksen ved Bekkjarvik Gjestgiveri. Etter læretida ved Hotell Neptun i Bergen, vart han kjøkkensjef hos Odd Ivar Solvold i Sandefjord. Han var også assistenten til Geir Skeie i dei tidlige rundane i forsøket på å nå og vinna Bocuse d`Or i 2009. Året etter starta han arbeidet på Gastronomisk Institutt i Stavanger.

No er det Bekkjarvik Gjestgiveri det skal smaka godt av
Bekkjarvik Gjestgiveri har havet og historia i ryggen, og ligg på ei av øyperlene i Austevoll kommune sør for Bergen. Gjestgiveriet kom til på kongeleg befaling då danske Kong Christian Quart på 1600-tallet bestemte at gjestgjevarhus skulle byggjast for kvar halve eller heile dagsreise i skipsleia.

Bekkjarvik Gjestgiveri vart bygd på slutten av 1600-tallet og har teke i mot losjerande i over tre hundre år.

At «kongen av god mat» nå regjerer på Bekkjarvik Gjestgiveri gjer turen dit noko alle berre må. Blå i blodet eller ikkje.

Skakkelaks prøver også å vera heilt konge, og set stor pris på at Ørjan viser veg.

Screen Shot 05-25-16 at 01.27 PM