Skakkelaks med ramsløkmajones, feltsalat, bjørnerot, grava eggplomme og sitrondressing

På Hallingstuene serverer Frode og Berit Anne først og fremst viltbaserte rettar med ærleg smak.

Hallingstuene

På Hallingstuene serverer Frode og Berit Anne først og fremst viltbaserte rettar med ærleg smak. Dei ynskjer å få fram smaken av hovedråvara. Reine og gode smakar er viktig for dei. Dei byter a la carte menyen 3-4 gonger i året, men mange av vilt-rettane blir med vidare. Klassiske viltrettar med gode kremsausar.

Dei er stolte av å kunna tilby tradisjonsmat frå gode lokale leverandørar. Det blir god mat og gode historiar av slikt. Skakkelaks takkar Frode og Berit Anne for deira arbeid rundt ærlege smakar, og historiar rett frå lævra.

Frode Aga

– Det er morosamt med god mat

Frode er født i Ålvik i Hardanger. Også godt kjent om TV-kokk, kva enn nå det er. Han har vore kjøkkensjef ved Engebret Cafe i Oslo, Sunnfjord Hotel og frå 1988 har han saman med kona Berit Anne Kongsvik dreve Hallingstuene på Geilo.

I 1995 vart han uoffisiell norgesmeister i juging, og har i mange år vore TV-kokk og historieforteljar i Snurrepiperier, kokkekamp, kvelden før kvelden og fra loft til kjellar for å nevna noko. Det er svært mange som har fått eit lengre liv både av dei gode historiane til Frode og den gode maten. Han blir også mykje brukt som både kokk og underhaldar i ulike markeringar.

Screen Shot 05-25-16 at 01.27 PM