Skakkepizza

Skakkepizza_lav

Her er Roy Martin si oppskrift med Skakkelaks:

Enkel oppskrift på aioli

1 dl. seterrømme
2 dl. majones
1-2 fedd moste kvitløk
salt
sukker
lime

Bland godt saman og smak til med lime, salt og sukker. Ver forsiktig med kvitløken. Den blir serkare når den står eit døgn.

Skal du bruka røykelaks til pizza er det ein fordel å bruka ein møyr og tørr røykelaks. Skakkepizza lagar du med vanleg heimelaga pizzadeig, men kjevle den kanskje litt tynnare.

Smør eit godt lag med aioli på botnen og legg nokre skiver med ost som du skjer med kniv. Tysnes sin gulost eller tilsvarande passar godt.
Steik den som vanleg pizza til den er ferdig.

Når du tek den ut av ovnen, legg på passe mengde med tynnskårne skiver Skakkelaks og ruccolasalat etter din smak. Skjer opp og nyt Skakkepizzaen.

Screen Shot 05-25-16 at 01.27 PM