Skakke viltgrill 

Skakke viltgrill er ei 100% naturleg grillpølse, som er ferdig røykt og steama, klar for steikepanna eller grillen. Nytast helst med ei god potetkake, grovt pølsebrød eller poteter og ein god tyting (tyttebærsyltetøy og rømme blanda i like deler). Passar som turmat, mellommåltid, på eit tapasbord, til frukost eller som middag. Til fest som kvardag. Vert  som regel eten av glade og lykkelege folk  Me sel den ofte på messer med grovmosa potetstappe – ypparleg festivalmat som ein blir mett og go’ av!

Skakke Viltgrill er samansett av 50% hjort- og elgkjøtt, 25% svinekjøtt og 25% storfekjøtt. Smakt opp med salt, pepar, ingefær og muskat. Pølsene er laga etter gammal norsk oppskrift, har kun naturlege råvarer av beste kvalitet som gir mykje smak, er saftig og har ein nydeleg konsistens. Kjøttet er malt passe grovt slik at ein skal kjenna at det er eit naturleg og ekte produkt utan tilsettingar.

Skakke viltkarbonadar av hjort

Skakke viltkarbonadar av hjort er handlaga karbonadar av kun naturlege råvarer. Viltkjøtt inneheld mykje jern og mineral i tillegg til betydeleg meir omega 3 enn i anna kjøtt. Det er utebeitande dyr og kjøttet reknast som økologisk. Råstoffet kjem frå dei same dyra som me parterer sjølv og sel stykke av. Me kverner kjøttdeig, lagar farse og trykker alle karbonadane for hand. Dei blir selde fryste i rå tilstand, og førehandssteikte som i dette tilfellet. Sistnemnde skal brunast på panna og varmast til kjernetemperaturen når ca 60 grader. Då er dei ferdig steikte og veldig saftige.

Skakke viltkarbonadar vert laga av kjøtt frå kun norsk villhjort, krydder og potetmjøl som bindestoff. Gammal familieoppskrift, produksjonstid og kunnskap om eigenskapane til viltkjøtt gjer at karbonadane våre er saftige, smakfulle og reint ville. Dei er perfekte som både tradisjonell karbonademiddag med grovmosa potetstappe, karamellisert løk og tyting (tyttebærsyltetøy og rømme blanda i like deler), som til meir moderne mat som viltburger.

Skakke middagspølse av hjort

Skakke middagspølse av hjort er ein «Rolls Royce» på middagsbordet! Pølsa er laga av hjort, svinespekk, viltkraft og binda med ei klypa potetmjøl. Den er røykt og steama, som gjere at den kan steikes, kokes, trekkes, dampes, grilles, eller spises slik hu er i nøden. Kjøttet er malt passe grovt slik at ein skal kjenna at det er eit naturleg og ekte produkt utan tilsettingar.

Hu er aller best med ein grovmosa potetstappe med litt sellerirot i, og dampa kålrot. Tyting er en god sak her òg.

Er du ute etter det beste av norsk mat – då er komlemiddag med Skakke middagspølsa noko du seint vil gløyma.

Stykkningsdeler av hjort og elg 

Me sel ferdig parterte, vakuumpakka, fryste kjøttstykker av hjort og elg. Følg oss på Facebook og REKO ring Haugaland eller ta kontakt pr. epost for bestilling.