Skakkelaks og Skakkeaure – er handmassert med Erling Skakke konjakk og røykt på fersk einer.

Produkta er oppkalla etter Erling Skakke Ormsson, norsk riksstyrar og formyndar for sonen Magnus, som åtte år gammal vart krona til Noregs konge i 1164 og regjerte frå Stødle i Etne. Erling Skakke var ein tøff viking som blei mest kjent for sine korsferder til Det heilage land. Under ein kamp med mauarane i Spania fekk han det hogget i halsen som gjorde at han seinare bar hovudet litt på skeive og blei kalla Erling «Skakke». Skakkelaksen og Skakkeauren har fått mykje ros. Begge produkta er tildelt Spesialitets merker av stiftelsen Matmerk, og Skakkeaure var finalist i Det norske måltid i 2018 og NM i 2019.